Fredag før haustferien? For ein dag!

Då fekk vi nemleg besøk av tidlegare elev og Nobelprisvinnar May-Britt Moser.

Rektor Margaret tok kontakt allereie for to år sidan for å vere sikker på at herøyværingen kunne kome til skulen sitt 50-årsjubileum i år. 

 

Skriv ut

Ho heldt eit inspirerande foredrag! Vi sat alle som tente lys og høyrde ho snakke om celler og hippocampus og rotter og sjokolade og stad og tid. Det tyder på at ho ikkje berre er dyktig på det ho gjer til kvardags, men også dyktig til å formidle kunnskapen og den glødande interessa for spesielt hippocampus.

Psykologen og hjerneforskaren sa at hadde ikkje ho og Edvard Moser gått på UVS, med dei dyktige, oppmuntrande og utfordrande lærarane der, hadde dei heller ikkje fått Nobelprisen!

Mange elevar nytta høvet til å ta ein selfie med May-Britt, det er då ikkje kvar dag ein treffer på ein Nobelprisvinnar.

Vi er glade og takknemlege for at vi fekk feire jubileet vårt i lag med May-Britt og kven veit, kanskje blir det meir feiring?