På grønt nivå!

Alle fekk vel med seg pressekonferansen til regjeringa i går, men vi må likevel seie det klart og tydeleg:

Skriv ut

Frå og med mandag 17.januar er vi på grønt nivå. Det vil seie mykje likt normalen. Men vi skal sjølvsagt fortsatt ha fokus på god handhygiene, halde oss heime ved symptom og ha lav terskel for å teste oss.

Det er smittevernlegen i vertskommunen som avgjer kva nivå vi skal forholde oss til, alt etter smittesituasjonen elles i kommunen. Det betyr at det kan endre seg fort frå grønt til gult eller forsåvidt raudt, så elevane våre må vere flinke til å oppdatere seg på Teams. Så skal vi oppdatere dykk andre via heimesida her og sosiale medium.