Undervisningsevalueringa 2021-2022

Det er den tida på året! Då vi spør elevane korleis dei har det via Elevundersøkinga, via kontaktmøte og no også via Undervisningsevalueringa.

Skriv ut

Undervisningsevalueringa går både på meistring og motivasjon, vurderingspraksis, støtte frå lærar og læringsmiljøet i gruppa. Er det nokon vits i ei slik evaluering? Ja, det synest vi så absolutt!

Elevane kan, dersom dei svarer ærleg og oppriktig, gi oss fagpersonane nyttige tilbakemeldingar! Dessutan kan det nok også setje i gang nokre tankerekker i hovuda til elevane som gjer at dei kanskje kan sjå seg sjølv utanfrå.

Det er noko som heiter at ein lærer så lenge ein har elevar (eigentleg er det: så lenge ein lever :)) og det er faktisk heilt sant. Difor er det så veldig viktig at elevane svarer på undersøkinga, sjølv om det er frivillig å svare.

Her finn du meir informasjon dersom du trykker på denne setninga.

Svarfrist er 26.11.21.